Dato
01. september 2017
Sted
Lotteri- og stiftelsestilsynet

Søknadsfrist for momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,3 milliardar kroner til frivillige lag og organisasjonar i 2017. Desse pengane skal kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift i 2016. Søknadsfristen er 1. september.

Får opp frivillig aktivitet
I 2010 vart det vedtatt ei tilskotsordning der frivillige organisasjonar kan søkje om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester, basert på årsrekneskap eitt år tilbake i tid. Denne tilskotsordninga kallar vi for momskompensasjon generell ordning.

Føremålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Bestemmelsene for ordninga er gitt i forskrift om meirverdiavgiftkompensasjon for frivillige organisasjonar.

I 2016 (for rekneskapsåret 2015) fekk over 23.000 lag og foreiningar utbetalt momskompensasjon på tilsaman 1,29 milliardar kroner. Avkortinga vart på 23,7 % av det godkjende søknadsbeløpet.