Blest er møteplassen for musikkmiljøet i Sogn og Fjordane og Hordaland og vert arrangert for femte gong i år. Etter to år på Nordfjordeid og to år i Førde er det no bestemt at Blest 2015 går av stabelen 13.-15. november i Høyanger.
Blest er både ein stad der publikum kan oppdaga dei neste store artistane frå regionen, og ei helg med kurs og workshops for rundt 130 personar frå musikkmiljøet i Sogn og Fjordane, Hordaland og resten av landet.
Se mer info her!