Dato
25. januar 2019
Sted
Stord

100 dagar 2019

Festivalen og musikkbransjetreffet 100 Dagar vert arrangert kvart år i januar–februar. 100 Dagar er ein nettverksarena for festivalleiarar på Vestlandet, og samstundes eit knutepunkt for ambisiøse musikarar frå Vestlandet som får høve til å spele showcaser for eit større publikum og for bransjefolk.

100 Dagar er Noregs minste bransjefestival med ein garantert bli sett og høyrt oppleving for banda som spelar der. Nettverksarenaen knyttar festivalar og band tett saman og gir ein unik mulighet til å knytte kontaktar med musikkbransje og musikkfestivalane på Vestlandet. Opptil 20 band får delta kvart år. Her får dei ein unik sjanse til å vise seg fram for eit nytt og større publikum, og for meir enn 20 festivalrepresentantar.

Målet til stiftinga er å skape grobotn for erfaringsutveksling, nettverksbygging og samarbeid mellom festivalane på vestlandet, og vera ein pådrivar for å få fram nye band og artistar frå vestlandsregionen.